Friluftskonsert, figurskjering og aktivitetar for born.
Det lovar godt med veret i komande veke og alt er klart for den årlege friluftskonserten på Stemneplassen, tysdag 9. august kl. 18.00. Kjell Musland startar ein time før med figurskjering med motorsag og avsluttar arbeidet sitt som ein del av programmet. Uskedal musikklag spelar i to avdelingar. Nytt i år er Chris Fossli med friluftsaktivitetar for born og ungdom. Alle kan sjå fram til ei lufting og kreativ økt med Fossli. Hesteskokasting høyrer med og til slutt vert det trekking av vedlotteriet. I forkant er det sjølvsagt høve til å kjøpa lodd a. kr. 100,-. Uskedal Friluftslag ynskjer med dette alle velkomne til ei triveleg stund på Stemneplassen.
Tekst/nett: Kistian Bringedal Foto: Drone Hans Ordin Østebø