Obs!! Båtskyssen går kl.13.

Den årlege friluftsgudstenesta på Skorpo fyrstkomande sundag kl. 14.00 går etter oppsett plan. Som vanleg vert det skyss frå Sandakaien kl. 13.00. Alle deler på kostnaden med båtskyssen. Liturg er Kjetil Kringlebotten. Organist er kantor Eva Megyesi. Annbjørg Vågen les teksten for dagen. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi. Det er noko ustabilet ver, men det er lagt opp til å vera ute på tunet i Vågen. Gudstenesta samlar hyttefolk, fastbuande og andre med slekt på Skorpo. Dersom du ikkje har vore på Skorpo før, er dette ei fin samling å ta med seg. Ta med sittjeunderlag og kle deg etter veret. Bileta er frå gudstenesta i fjor då det også var dåp.

Bilete er henta frå kyrkjeskyssen i fjor.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto