Dei velsmakande kjøtvarene til Friheim Gardsmat er svært så populære, og mange faste kundar strøymer til gardsutsalet øvst i Uskedalen gjennom heile året. Nokre av desse kjem også frå nabokommunane. No om sommaren er det dessutan mange turistar som er innom på Friheim og kjøper med seg av dei gode kjøtvarene. Nokre av dei har fått smaken på dei tidlegare år, og kjem tilbake. Andre har høyrt om dei gode produkta.

Då vi stakk innom tunet lørdag føremiddag, kunne Kurt Miljeteig fortelja at dei var godt fornøgd med kundetilstrøyminga. Det hadde derfor ikkje vore nødvendig med noko annonsering eller ekstra skilting for å få kundar. Det gode ordet som går om kjøtvarene deira, er nok. Turistane har og fått smaken på produkta. Dei finn fram. Nokre kjem i bil og andre på sykkel. Det hender òg at nokre ringer, og så blir det ordna med levering. Dette kan vera viss dei ligg med båt i båthamna for eksempel.

Kona på garden, Bjørg Inga Miljeteig, kunne fortelja om eit rikhaldig og velsmakande utvalg. Ho ramsa opp at dei har tre variantar av middagspølse, – Uskedalspølse, Hjortekorv og Friheimskorv, i tillegg til dei svært populære grillpølsene som det går spesielt mykje av no i sommarsesongen. Dessutan kunne ho fortelja at dei var klare til å laga ny ladning med ulike variantar av pølser komande veke.

Bjørg Inga viser fram noko av det smakfulle utvalet.

Spekematen til Friheim Gardsmat er også av beste kvalitet. Der har dei både fenalår og den vanlege spekepølsa, men spekepølsa av hjort er dei for tida tome for. Tome er dei også for blodpølsa, og den reknar dei ikkje med å få produsert ny av før til hausten. Det supre baconet har dei derimot inne. Det er absolutt å anbefala. Kjempegodt på smak, og vi merkar kvaliteten med ein gong det kjem i steikepanna. Dette er skikkeleg bacon, og vi treng i alle fall ikkje vernebriller under steiking.

Ein tur til Friheim Gardsmat vil ein ikkje angra på. Berre turen opp mellom dei mektige fjella er òg ei oppleving. Og når ein først er så langt oppe i dalen, er det lurt å ta turen litt vidare, – til idylliske Fjellandsbøvatnet. Kva med eit smakfullt sommarmåltid i dei fantastiske omgivelsane? Kanskje med Friheim grillpølse på grillen?

Ein treng ikkje nødvendigvis øvst i Uskedalen for å få smaken av den gode friheimsmaten. Viss ein er på sidersafari i Hardanger, kan det godt vera at det blir severt smakar frå Friheim. Både spekepølsa og middagspølsa blir brukt i rettar som blir servert i løo på Agatunet. I tillegg har middagspølsa vore fast tilbehør på dei populære komlemiddagane til Middagsknotten på Seimsfoss.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.