Fridomsdagen 8. mai vert markert i Uskedalen med avduking av namneplate på Krigsminnesmerke.
Uskedal Friluftslag førebur markering av Fridomsdagen 8. mai på Stemneplassen med mellom anna avduking av namneplate på Krigsminnesmerke. Kunstnar Arne Mæland frå Os var i Uskedalen i går og monterte plata med namnet Torger Olsen Feet. Han var kaptein på amerikanske skip og omkom i skipsforlis i 1943.
Arne Mæland saman med sonen Vidar Bratland Mæland har hatt oppdraget med produksjonen av namneplata. Finn Bakke på Bømlo har skrive bok om Torger Olsen Feet frå Tresshaugen i Uskedalen. Boka vil vera i salg på 8. mai. Feet reiste til USA kring 1910 og var heime på besøk i 1923.
Programmet for 8. mai ser førebels slik ut:
- Kl. 08.00: Flaggheising
- Kl. 10.00: Krigshendingane i Uskedalen april 1940 – tilbod til Uskedal skule
- Kl. 14.00: Samling og matøkt for inviterte gjester på Stemneplassen
- Kl. 16.00: Minnemarkering med historisk innleiing, avduking av minneplata, Uskedal musikklag og helsingar
- Kl. 17.00: Boklansering og signering v/ forfattar Finn Bakke
Det er sendt søknad til Kvinnherad kommune om støtte for å dekka kostnader med namneplata.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal