Fri-idrettsgruppa i Uskedal IL starta sist veke opp med treningar på Heio. Heile 20 spreke born og unge frå 1. til 8. klasse møtte på trening, og vi har framleis plass til fleire. Alle som har lyst til å prøve seg er velkomne til trening på Heio tirsdagar kl 18-19.

På treninga denne veka vart to av utøvarane, som deltok i konkurransar førre sesong, heidra med friidrettens sølv- og bronsenål. Amund Hella Berge-Soldal oppnådde 911 poeng etter Tyrvingtabellen og fekk sølvnål for sitt resultat på 1500 meter på 4.50,3. Ebba Hermann-Fossli fekk 895 poeng og nål i bronse for sitt resultat på 1,20 i høgde som ho hoppa då ho vart Kvinnheradmeister. Dei to viser fram heidersteikna på bildet over.

Friidrettsgruppa gratulerer Amund og Ebba med flotte resultat og ynskjer dei lykke til vidare.

Tekst og foto: Fri-idrettsgruppa i Uskedal idrettslag
Nett: Thor Inge Døssland