Uskedalen.no held fram ein serie innlegg under overskrifta Sommarjobben min. No er vi komne til Fredrik Simensen Haugland ( 16 år, fyller 17 i oktober ). Han har sommarjobb på Kvinnherad Vekstbedrift – Vaskeriet. Fredrik fortel at dette er den fyrste skikkelege sommarjobben. Før har han hjelpt til heime, men no er det ein fullstendig arbeidsdag med frammøte kl. 07.30 og slutt kl. 15.00. Fredrik står for det meste med brettemaskinen, men han legg også i hyller og gjer klar for pakking og utsending. Han er godt nøgd med at han fekk koma til på Kvinnherad Vekstbedrift. No tener han gode pengar. Han har alt kjøpt seg ny PC. Fyrste arbeidsdag var 27. juni. Med permisjon midt i økta får han vera med på familietur til Island. Island blir spennande. Så er det tilbake i jobben på Kvinnherad Vekstbedrift.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal