FRAMTIDA TIL USKEDALEN.NO?
Vi takkar Kristian Bringedal for den gode redaktørjobben han har gjort. Kristian har brukt mykje tid på nettsida vår. Dette har han gjort på dugnad for bygda.
Nettsida har vore aktiv i 20 år. Dei siste 10 åra har Kristian Bringedal vore ansvarleg redaktør. Når no Kristian gjev seg som redaktør for nettsida, er vi avhengige av at andre bidreg for å halda sida levande. Vi har hatt fleire kurs der nye brukarar har fått opplæring i å leggja ut nyheter på sida.
I dag har vi opplærte brukarar i Ungdomslaget, Idrettslaget, skulen, skulemusikken, musikklaget, Friluftslaget, Historielaget, bedehuset, Vonheim, Bondelaget, Helselaget og Uskedal Utvikling. Skal nettsida leva vidare, må desse brukarane vera aktive.
Uskedalen.no har vore ei viktig og samlande side for Uskedalen. Kan du tenkja deg å bidra med skriving, ta kontakt med meg.
Helsing Styreleiar i Uskedal Utvikling Gunn Mari Moberg Mobil 40280935