Tekst til bilete over: Valfunksjonærane som stod for førehandsrøystinga i Kvinnherad. F.v: Geir Mogren ( død ), Solveig Hus og Bente Høyland.

Stortingsvalet 2021 er lagt til måndag 13. september med høve også til å røysta sundag 12. september. Med vedtak frå 2014 er valkrinsane redusert frå 23 til 4. Det gjeld både for Kommune- og fylkestingval og for Stortingsval. I Uskedalen har det vore lagt opp til ambulerande røysting, nokre timar ein ettermiddag før sjølve valdagen. Fjelberg, Varaldsøy, Mauranger, Sandvoll og Åkra hadde den same ordninga.

I sak til Kommunestyret gjer kommunedirektøren framlegg om å kutta Uskedalen med ambulerande røysting. Grunngjevinga er at det er kort veg til Rosendal og Husnes, sjølv om heile 300 røysteføre personar nytta seg av høve til å røysta lokalt i Uskedalen, og det berre på to timar. Her er det kort veg til førehandsrøystestadane Rosendal og Husnes, og ein finn det ikkje rett å handsama Uskedalen annleis enn til dømes Omvikdalen og Sunde. Det er slik det er formulert i saka.

Det vert difor ikkje lagt opp til ein dag med ambulerande røysting i Uskedalen. Sjølv om det ikkje gjeld særleg mange veljarar, vil ein rå til at ein framleis opprettheld ordninga for Åkra og Fjelberg (grunna avstand). Kommunen vil no ikkje ta imot institusjonsrøyster på Varaldsøy, men ein vil rå til at det vert ambulerande røysting også på Varaldsøy.

Arkivfoto frå ambulerande røysting i Uskedalen.

Til bilete på toppen: Redaksjonen gjer merksam på at leiar i valstyret, Geir Mogren, døydde kort tid etter Kommunevalet i 2019.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal