Cort Holdermann ( 74 år ) er ein trugen og fast gudstenestegjest på Skorpo. Kvart år frå 2005 og fram til i år har han vore på alle friluftsgudstenestene. I samtale med uskedalen.no fortel Holtermann at han minnest særleg fyrste gongen. Det var det året Nikolai S. Vågen var fødd og vart døypt. Nikolai er i dag elev på Laksevåg og Bergen Maritim vidargåande skule. Han skal gå andre året på elektro og studiespesialiserande. Det er eit 3 årig studieløp. Cort Holtermann er kyrkjetenar i Holmedal kyrkje. Det er ei oppgåve han har hatt i mange år. Samlingane på Skorpo er noko utanom det vanlege, i møte med eit øysamfunn, hyttefolk og fastbuande. Mange kjenner Cort frå arbeidet i Kvinnherad Sogelag. Elles må vi ta med at han har ei av dei største private boksamlingane i kommunen. Biografiar er det mest av. Cort Holtermann kan føra slekta si tilbake mange hundre år. Han er dessutan i slekt med den kjende diktaren Henrik Ibsen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal