I dag føregår den mest kjende underhaldningskonkurransen for brassband, Siddis Brass, i Stavanger. Det deltar 60 korps fordelt på 5 divisjonar frå elite til 4. divisjon. Det vil seia at godt over 1500 musikarar er i aksjon. Mellom desse er tre som kvar veke er i aktivitet i Uskedal skulemusikk. Det er dirigenten Tor Skeie Olsen og dei to lovande, unge musikarane Ebba Hermann Fossli og Nils Rainer Vågen.

Tor og Ebba (bildet øverst) spelar i Rosendal musikklag. Ebba er den yngste musikaren i korpset, og ho debuterer dermed i denne store konkurransen. Ho har tidlegare delteke i skulekorpskonkurransen Hordablesten med Uskedal skulemusikk/Rosendal skulekorps. Den ivrige og lovande jenta har delteke på fleire sommarkurs, og dessutan er ho elev på kornett i kulturskulen.
Medan Ebba er debutant, har Tor lang erfaring frå musikkonkurransar. Han starta i Rosendal skulekorps i god tid før føtene hans rakk ned til golvet då han sat og spelte. Dette var i tida då Rosendal skulekorps var på topp med far til Tor, Kjartan Wang Olsen, som dirigent. Dei hevda seg svært godt i NM og var i alle fall blant dei 10 beste brassbandskulekorpsa i landet. Etter det har Tor hatt ei lang karriere som korpsmusikar og har delteke i konkurransar med både Rosendal Musikklag, Tysnes Musikklag og Askøy Brass i tillegg til at han har spela med andre korps. Tor kan sjå tilbake på å ha vunne solistpris både i NM og Siddis. Han er også ein dyktig dirigent. Med meir enn 10 år som dirigent i Uskedal skelemusikk, manglar det berre om lag eit år på at han passerer dirigentlegenden Sigurd Wang.
Rosendal Musikklag har eit flott og publikumsvennleg program med mellom anna kjende slagerar som Chanson d’ Amour, You are the sunshine of my Life og Georgia on my mind. På den siste er Tobias Lamberg Torjusen, med svært nær tilknytning til Friheim, solist på trombone. Utan at eg for tida har god oversikt over nivået i 4. divisjon, er mitt tips at Rosendal Musikklag vil kjempa heilt i toppen. Det hjelper også godt å ha den dyktige ringreven Yngve Nikolaisen som dirigent.

Nils Rainer Vågen spelar med Sagvåg Musikklag i 2. divisjon.

Nils Rainer Vågen (euphonium) har trass i sin unge alder, vore med i mange konkurransar. Dei tre siste åra har han gått på musikklinja på Stord vidaregåande skule. Tida på Stord har den ivrige korpsmusikaren brukt godt, og han har spela med tre korps i tillegg til at han har halde koken i Uskedal skulemusikk. I Siddis spelar han med Sagvåg Musikklag i 2. divisjon. Dei har Stavanger-karen Morten E. Hansen som dirigent.

Også Tysnes Musikklag deltar i Siddis. Det er dei som spelar høgast i divisjonsystemet av Sunnhordlandskorpsa, nemleg 1. divisjon. Det er verd å merka seg at Nick Hughes som er tilsett i Kvinnherad Kulturskule og kornettlæraren til Ebba Hermann Fossli er solist i Swedish Hymn ( O Store Gud). Det blir nok ikkje den største overraskinga om han skulle sikra seg enda ein solistpris frå Siddis sjølv om nivået i 1. divisjon er svært høgt. Yngve Nikolaisen dirigerer også Tysnes.

Det blir ein spennande og kjekk dag for musikarane og supportarane i Siddis, og spenninga blir utløyst i kveld når resultate kjem.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann
Arkivfoto: Tor Edward Taranger