Det manglar ikkje på breidde i repetoaret då Uskedal musikklag gjestar og framfører allsongprogram på Kafe Tiaren. Mykje folk, god stemning og høg songfaktor er det som skal til for å halda liv i og fornya dei gilde songstundene i Gamleskulen den siste tysdagen i månaden. Det er musikklaget som henta fram og øvde den folkekjære Songen frå vest, ny for mange, men no er det snart ein “hitt” i Uskedalen. Lung vilar sjøn i svensk omsetjing er eigentleg tysk, skriven av Heinrich Pheil på slutten av 1800 talet. Johannes Kleppevik sine songar er med på det meste, anten det det kjem frå Rustne Menn eller Veteranbandet.

Mykje folk og god song.

Nidelven, skriven av Oscar Hoddø, vart til etter ei kjærleikssorg, Hoddø laga både tekst og melodi. Han var ein markert motstandsmann i krigsåra og døydde alt i 1943. Hver dag er en sjelden gave frå repetoaret til Frelsesarmeen er vakker og stemningsfull.

Det same må ein sei om De nære ting av Arne Paasche Aasen, henta frå diktsamlinga Blomster og frø så tidleg som i 1937. Paasche Aasen var ein elska lyrikar med røter i arbeidarrørsla, ein rimsmed som hadde si faste spalte i Arbeidarbladet under pseudonymet Dorian Red. Blåveispiken, ei landeplage, med melodi av Kurt Foss og Reidar Bø var mykje brukt i Ønsekonserten. Dei mest kjende kampdikta hans er Frihetens forpost og Seier følger våre faner.

Neste samling saman med Musikklaget er alt 10. oktober på Salmekveld i kyrkja.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal