Frammøte på Kafe Tiaren må vera rekord og matsalet gjekk strykande. Uskedal Musikklag med sitt veteranband gjekk inn i staden for Rustne Menn. Det var ei god løysing. Tekstane og melodiane fall godt i smak. Det var ein halv times program med eit repetoar som fanga opp alt frå populærmusikk, religiøse folketonar til lokale songar. Eikedalen med tekst av Engel Steinsletten er meir kjend no enn før. Ny for mange var den vakre Songen frå vest med tekst av Knut Øygard, melodi Roy Vorland, ein song som truleg vil bli brukt meir i tida framover. Songane Hvor er min kone, Det var på Capri og Bedre og bedre dag for dag fall godt i smak. Tekstar av Johannes Kleppevik er som oftast med på allsongen. Takk til bandet.

Frammøte på Kafe Tiaren i dag var framifrå.

Forsongarane i dag var f.v: Hans Gustav Mussland, Trygve Haugland og Kristian Bringedal.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/Thor Inge Døssland