Ein turoperatør legg opp til mottak av sykkelturistar frå andre land. Etter innflyging til Flesland er ein klar for utlevering av sykkel og anna utstyr. Ei venegruppe frå Nottingham i England la nyleg opp til ein tur på ei veke. Etter Bergen gjekk turen med tog til Voss, vidare på sykkel til Ulvik, Kinsarvik, Utne, Tørvikbygd, Øystese, Rosendal og med siste dag og retur til Bergen med snøggbåt frå Sunde.

Til uskedalen.no fortel dei seks syklistane at venskapen starta for 15 år sidan. Bakgrunnen var at dei hadde born som gjekk saman på skulen. Etter det har dei sykla i mange land. Det er nok å nemna Italia, Danmark, Nederland, Costa Rica, Cambodia og mange andre land.

Bortsett frå dag 1 i Bergen og togturen til Voss vert bagasjen køyrt fram til hotella ein skal bu på. Ved endestopp på Sunde må ein sjå til at alt er med på snøggbåten fram til Bergen.

I Uskedalen fann gruppa fram til Beinavikjo der dei fekk informasjon om bygda og kulturen. Det er ikkje fyrste gongen sykkelgrupper frå andre land legg inn stopp i Uskedalen. Ein gong før høvde det slik at dei fekk vera med på Kafe Tiaren.

I ei helsing skriv dei: We love Norway, it`s beautiful !

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal