Ved kalkestasjonen kom eg søndag i kontakt med Matilde Pouillot. Ho sat i bubilen og slappa av og les. Matilde fortalde at ho var opphaveleg frå Frankrike, men var busett i Australia saman med mannen sin Ariel Halperin som var derfrå. Han var også med på ferieturen, men hadde akkurat tatt seg ein liten spasertur i finveret. Ikkje uventa var det den vakre naturen, og spesielt Ulvanåso, som hadde trekt dei til Kvinnherad.

Franske Matilde Pouillot og Ariel Halperin frå Australia framfor bubilen dei ferierer i.

Etter ei kort stund kom også mannen tilbake og blei med i samtalen. Dei fortalde at dei hadde komme til Uskedalen dagen før, men ferieturen hadde starta alt for halvtanna år sidan, like før covid19 snudde oppned på alt. Koronaen hadde gitt som resultat at ferien hadde blitt sterkt forlenga. No var planen at dei skulle vera tilbake i Frankrike i løpet av neste veke, og så håpa dei å vera heime i Australia før jul.

Før dei kom til Norge hadde dei vore tre veker i Sverige. Då hadde dei opphalde seg i Bohuslän-området. No skulle dei vera tilsvarande lenge i Norge. Før dei kom til Uskedalen, hadde dei opphalde seg i området rundt Ålesund. Også der hadde dei klatra.

Kjennskap til Ulvanåso hadde dei fått frå franske klatrarar som hadde anbefalt dei at denne fantastiske fjellveggen måtte dei prøva. Foreløpig hadde dei ikkje prøvd seg i veggen. Det var på programmet frå mandag. Det såg dei verkeleg fram til.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland