Fotballkamp for russen
Laurdag kveld kunne ein sjå og høyra russen på kunstgrasbana i Uskedalen. I år, som i fjor, vart det arrangert fotballkamp for dei raud- og blåkledde ungdomane.
To år på rad har russen bedt om å få arrangere fotballkamp i Uskedalen. Det er kjekt når ungdom tek initiativ til aktivitet i bygda, og lyden av musikk, latter og engasjert ungdom var eit friskt pust i ein ellers så roleg laurdag i dalen.

Ungdommane rapporterte om god stemning, men resultatet av kampen er noko usikkert. Russepresident Tord Hatteberg var ein av fleire som var med å rydda då kampen var slutt, og området var strøkent då russen forsvant.
Tekst/nett: Marianne Korsvold Foto: Per Korsvold