I går, 15.juni kl.18, blei Uskedalselva opna for fiske etter sjø-ørret. Laksefisket vert først opna den 1.juli. Det vert meldt om at mange fiskarar fann vegen til den populære fiskeelva. På elveguiden.no kan vi lesa at det blei observert mykje fisk så det er synd at laksefisket ikkje startar før om 14 dagar.

Første fangsten(bildet over) som blei rapportert inn i årets sesong, var ein sjø-ørret på 1 kg som var 45 cm lang. Den blei fiska av Bjørn Mathisen i Nedre Døssland vald, og han fekk fisken på spinnar.

Elva er delt inn i 11 soner. Det blir selt 2 kort per. sone med unntak av Øvre + Nedre Døssland som har slått seg saman. Der blir det selt 4 kort. Det er sett opp skilt for å markere grensene mellom sonene. 

Kjøp av fiskekort skjer på elveguiden.no. Der finn ein også meir info om Uskedalselva.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland(kjelde elveguiden.no)
Foto: Privat.