Forskaling og støyping av ringmur til ballbingen.
Siste del av ringmur til ballbingen vart støypt i går. I neste veke planlegg prosjektgruppa planering og oppretting inni ringmuren, som ei klargjeing til å leggja dekket. Deretter kjem vant og vegger på plass før element vert fyllt med betong. Per Korsvold fortel til uskedalen.no at til arbeidet med å setja opp elementa med betong treng ein hjelp. Ta kontakt med med Per: 48160803.
Når alt dette er gjort, skal vi legge kunstgras og setja opp mål. Resultatet blir ein skikkelig fin fleirbruks ballbinge, som skal tola vær og vind og mykje aktivitet. Dersom det kjem ein kuldeperiode, vert det lagt is på dekket. Isen skal vera trygg og open for alle. Ein føresetnad for å få dette til, er at arbeidet går etter oppsett plan.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal