Formann i 17. mai komiteen i Bergen med sterke relasjonar til Uskedalen.
Dreg du kjensel på denne mannen ? Namnet er Asbjørn Hodekvam, formann i 17. mai komiteen i Bergen og med sterke relasjonar til Uskedalen. Mange har møtt han på Dønhaug der han og famliein ofte er på gjesting. Magne Huglen, som døydde i oktober i fjor, var onkel hans. Anne Berit er tanta. Hodnekvam med mange roller i bergens næringsliv fronta Bergen og 17. mai i eit innslag i Norge Rundt sist fredag.
17.mai-komiteen i Bergen består av 30 representantar fra ulike lag og organisasjoner i Bergensområdet. Representantane vert vald for eit år om gangen, med unntak av to medlemer frå Bergen Kommune. Dei har ein valperiode på fire år.
Komiteen jobbar året rundt med planlegging av nasjonaldagen. Oppgåva er uløna og handlar om alt frå prosesjon, underhaldning, bodsalg, tivoli til kransenedleggjingar. Målet er å skapa ein best mogeleg nasjonaldag og innbyggjarane i Bergen.
I innslaget med Asbjørn fekk alle eit godt inntrykk av det å vera formann for 17. mai komiteen. Det er eit ærefullt oppdrag med sterke tradisjonar, profilering og rituale. Komiteen går alltid fyrst i prosesjonen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Faksimile frå NRK - Norge Rundt