Formangel og tilgang på ledig slåttemark er eit aukande problem i landbruksnæringa. Sist veke kom det trailerlass til Uskedalen med forballar. Hans Reidar Kjærland er ein av dei som må kjøpa for. Han manglar over 100 ballar og saman med Stian og Tor Ove Haugland i Haugland Mjølk og Maskin har han fått tak i to trailerlass frå Bjoa og eit frå Telemark. Traileren frå Telemark var her nett før helga. Det er mest umogeleg å få tak i for i Sør Noreg. Ein må heilt til Trøndelag for å henta ballar. Lang transport fører til høge fraktkostnader. Det er ei negativ utvikling som er lite berekraftig, særleg når ein veit at det er areal som ikkje vert nytta intensivt og at det vert køyrt forballar ut av bygda.

E. Hansen Transport frå Etne står for frakt frå Bjoa til Uskedalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal