Julemusikk og handel skapte førjulsstemning i Uskedalen i dag. Musikklaget var på plass kl. 13.00 ved SPAR. Potetdamo frå Fitjar opna sitt sal tidleg på dagen. På Verthuset Perla fekk du kjøpa juletre, julebakst, konfekt og mykje meir. Elin gjekk tom for julebrød i god tid før stengetid. Julebutikken finn du på Gros Blomster, vakkert pynta og dekorert ute og inne.

Juletresalet er godt i gang på Verthuset Perla.

Uskedal Musikklag framførte tradisjonelle julesongar og juletonar som White Christmas, Julekveldsvise og Sonjas Song. Det vert sett pris på innslaget kvart år og frå SPAR kjem det alltid takk og ei lita gåve.

Potetdamo frå Fitjar har sine faste stopp i Uskedalen, om lag ein gong i månaden. Ho har eit variert tilbod med mellom anna poteter, grønnsaker, frukt og egg.

Potetdamo frå Fitjar er og har vore eit fast innslag i Uskedalen i mange år.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Tore Nordahl-Pedersen/Thor Inge Døssland/ Elins Matgleder