Førebuande arbeid før Dugnadsgruppa tek renovering av trappa på Vonheim.
I dag er Møyfrid og Anders Kristoffersen på plass med traktor, vasstrank høgtrykksspylar og reinhaldsmidlar ved Vonheim. Betongtrappa vert gjort klar for oppusssing. Dugnadsgruppa gjer jobben. Det er framlegg om å leggja heller i trappestega og på toppen. Skiferhellene er gåve frå Andreas Kristoffersen. Klargjeringsarbeidet vert gjort ferdig i dag.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Møyfrid Kristoffersen