Slekt, naboar, Uskedal skule, sponsorar og heiagjengen, alle med flagg, var på plass då Per Korsvold starta på den 2500 km. lange sykkelturen til Lyon i Frankrike. Bakgrunnen er eit veddemål med dottera Erle Marie ( 12 år ). Ordførar Vegard Bjørnevik var på plass. Det same var pressa. Ein time før var det innslag med Korsvold på NRK Hordaland. På spørsmål om kva han kom til å sakna mest på turen, svara han kjapt – familien.

Ordførar Vegard Bjørnevik er klar til å sykla til Rosendal.

Sykkelturen er nøye planlagt. Dag 1 går til Hovden før turen neste dag går vidare til Kristiansand. Frå Hirtshals og mot Lyon tek han det som det kjem med overnatting på kroer og vertshus. Målgang er på stadion i Lyon, truleg med Ada Hegerberg på plass. Han vil møta Dag Otto Lauritzen og andre støttespelarar.

Målsetjinga er å samla inn pengar til Kreftforeingen. Før start er det alt kome inn over kr. 100 000,- til kreftsaka. På nettet finn du Ride for a Reason. Her finn du også korleis du kan støtta aksjonen.

Då er turen starta, frå Neset og opp Geilo i Uskedalen.

Det er fylgjebil med dei to fyrste dagane. Medlemer frå sykkelklubben var møtt fram og ville fylgja Per, nokre til Haukeli – andre til Hovden.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Folkefest med flagg og heiarop.