Torsdag 10.3 arrangerte Rosendal TL Kvinnheradmeisterskap i stafett i Fjellhaugen. Heile 18 utøvarar, fordelt på 6 stafettlag, deltok frå Uskedal IL. Bilete syner deler av den flotte gjengen i skidressar som er nye av sesongen. Idrettslaget har fått nye sponsorar, og er også svært takksame for raus hjelp frå Sparebank1 stiftinga.

Frå starten i klasse 8-12 år. 8 lag deltok og halvparten var frå UIL.

I Uskedal idrettslag har alle medlemmer under 18 år fått tilbod om å kjøpe lagsklede til ein særs hyggjeleg pris. Idrettslaget er svært takksame for støtta frå dei lokale sponsorane våre og gåva frå Sparebank1 stiftinga Kvinnherad som gjer at alle våre idrettsglade unge kan stille i like drakter i trening og konkurranse. Det skapar samhald, og er viktig for å utjamne sosiale skilnader. Og så er det jo stas å ta seg godt ut!

RTL sto for eit flott arrangement, der det var god deltaking i dei yngste klassane. I klassen 8-12 år var det lag frå OIL/RTL, Ternen og UIL. OIL/RTL var sterke og tok sigeren i både gute- og jenteklassen, medan sølv og bronsemedaljane gjekk til UIL. I ungdomsklassen (13-16 år) var det berre UIL som stilte lag, og dermed vart det gullmedaljar på våre spreke ungdommar.

Nedanfor finn de bilde av dei fleste medaljevinnarane. Vi har dessverre ikkje bilde av Natas, Iver og Ola som etter strålande innsats fekk sølv i gutar 8 – 12 år. Uskedalen.no gratulerer alle dei flinke medaljevinnarane!! Vi gratulerer også med nye fine drakter. Jammen var dei flotte!!!

Her er dei flinke ungdomane som diverre ikkje hadde konkurrentar: Trym, Amund og William. På jentelaget gjekk Linnea, Frøy og Ebba.
Gutar 8-12 år: Mathias, Per Håkon og Viljar sikra seg bronsemedaljen.
I klasse Jenter 8-12 år blei det sølv til Ann Cecilie, Nora og Erle Marie.
Fornøgde bronsevinnarar i jenter 8 – 12 år: Andrea, Amber og Anna.
Tekst: Monica Hermann
Foto: Malin Tungesvik, Per Korsvold, Gina Hella Berge-Soldal og Monica Hermann
Nett: Thor Inge Døssland