Nokre av coronnatilpasningane har vist seg å vere så vellukka at det ikkje er grunn til å slutte med dei. Sånn er det med utandørskonsertane til skulemusikken. Denne veka inviterte dei for tredje året på rad til konsert og sommarstemning i Strandstova i båthamna. Veret var på lag med oss og familie, venner og andre frammøtte fekk ein flott konsert onsdag ettermiddag denne veka. Bildet over er etter avslutnigsnummeret “Folk Tune” der musikarane bevega seg og showa, og spelte både med og utan notar. Flott finale!!

Skikkekeg Grand Prix-sus blei det då Ylva spelte og dei dansande ulvane dukka opp bak ho! GØY!!

Korpset leverte ei fin blanding av fellesnummer, solistar og speling i mindre grupper. Litt dansing fekk vi også og ei bestemor var så heldig at ho fekk høyre både Hurra for deg og Gratulerer med dagen på dagen sin. Thor Inge Døssland vart svært velfortent utnemnt til æresmedlem i Uskedal skulemusikk (sjå eiga sak).
Etter konserten var det avslutning på Perla der musikantar, foreldre og søsken fekk servert pizza og is. Styret og foreldre er svært takksame for den flotte jobben dirigent Tor Skeie Olsen gjer for skulemusikken og ga han diplom som bevis å at han er årets mest tolmodige mann.

“Gutta Krutt” presenterte tøff musikk i sine to nummer! Bra!!

Ønskjer nye aspirantar.

Denne ettermiddagen vart ei flott avslutning på eit kjekt år i skulemusikken. Til hausten tar me veldig gjerne imot nye aspirantar. Alle som har lyst til å prøve kan komme på Prøveblås som blir arrangert i starten av haustsemesteret. Då kan de få høyre skulemusikken spele og prøve ulike instrument sjølv. Viss det er nokon allereie no som veit at dei har lyst til å lære seg å spele eit instrument, så kan dei melde frå til Monica Hermann, tlf 90635493.

Tekst og foto: Uskedal skulemusikk
Nett: Thor Inge Døssland