Uskedal idrettslag stilte med seks deltakarar i Kvinnheradmeisterskapet i friidrett som vart arrangert på Husnes laurdag 23. oktober. Gjengen frå Uskedal IL leverte mange gode prestasjonar, og fleire av dei ferske Kvinnheradmeistrane både i kast, løp og hopp har adresse i Uskedal.  Vi ser dei 6 deltakarane frå UIL på bildet over. Frå venstre: Ola Hermann-Fossli, Ebba Hermann-Fossli, Anna Hermann-Fossli, Iver Hermann-Fossli, Martine Myklebust og Viljar Hella Berge-Soldal. Den 7. uskedelingen som gjorde det godt i meisterskapet, var Amund Hella Berge-Soldal. Han deltok for Rosendal turnlag.

Det var ein spretten og humørfylt gjeng frå UIL som deltok i meisterskapet.

Denne sesongen har det vore stor aktivitet i friidrettsgruppa med opptil 30 born og unge på friidrettstrening på Heio. Neste sesong hadde det vore kjekt om fleire også ville delta på stemner. Flinke folk i Trio arrangerte eit flott stemne med god deltaking, men det hadde vore god plass til fleire frå Uskedal!

Trenarar for den store friidrettsgjengen har vore Stig og Gina H. Berge-Soldal. Dei har gjort ein super jobb som Uskedal idrettslag vil retta ei stor takk for.

Tekst og foto: Uskedal idrettslag
Nett: Thor Inge Døssland