Flott 2. plass i Bømloblåsen
Det vart ein flott 2. plass til skulekorpsa i Uskedal og Rosendal i Bømloblåsen denne helga
Det blei ein minnerik dag på Bømloblåsen for musikantane i skulekorpsa i Uskedal og Rosendal då samarbeidskorpset fekk ein flott andreplass! Ylva Helgesen (med diplomet på bilete) var på scenen og henta heim pokalen. Korpset spelte fantastisk flott og det var verkeleg imponerande når ein tar med at heile 9 av dei var heilt nye i korpsa denne hausten og spelte sin aller første konkurranse. Det tilreisande heimepublikummet var både imponerte og stolte. Samarbeidskorpset Uskedal og Rosendal fekk 91 poeng – rett bak Sagvåg skulekorps som med sine 92 poeng vann konkurransen.
Tekst/nett: Monica Hermann Foto: Arnout Ijzermans
