Eit framlegg frå SP om i store trekk å halda seg til dagens skule- og barnehagestruktur fekk fleirtal i Formannsskapet i kveld. Fem representantar ( FrP, H, SP ) røysta for dette framlegget. Adminstrasjonen og vedtaket i Levekårsutvalet fekk ingen røyster og fall. Eit framlegg frå Ap fekk fire røyster ( Ap, SV og Kr.f ). Saka går vidare til kommunestyremøte 27. mai.

Med dette framlegget vert det ikkje endringar i Uskedalen. Skulen med småskulesteget og mellomsteget held fram som før. Det same gjer drifta av Uskedal barnehage.

Saka om ny skule- og barnehagestruktur har skapt eit stort engasjement med om lag 90 høyringssvar innan fristen. I tillegg kjem alle lesarbreva og innlegg på sosiale media.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal