Etter omlegginga til ny side blei det oppfordra sterkt om at lag, og lesarar elles, måtte senda inn stoff, for at sida skulle kunna oppretthaldast. Det har vore gledeleg respons på dette, men det må likevel utviklast vidare. Både skule, skulemusikk, dugnadsgruppa med fleire har sendt oss gode ferdige saker med bilde. I tillegg har privatpersonar vore flinke til å bidra med interessant stoff. Bileta i denne saka er henta frå innsende saker. Bletet over er frå skulen sine sommarveker.

Frå skulemusikken sin avslutning på Skorpo.

I tillegg blei det samstundes sendt ut oppfordring til laga at dei måtte finna kontaktpersonar som har i oppgåve å senda saker frå sitt lag. Vi har fått melding frå idrettslaget og nokre få andre at dette er ordna, men håpar at fleire føl etter. Dette er avgjerande for at laga og aktivitetane skal få god dekking. Desse kontaktpersonane vil også få opplæring slik at dei kan leggja ut saker. Det vil skje til hausten, men før den tid sender dei sakene til uskedalen.no@gmail.com. Der kan det også sendast tips, og så vil dei bli følgt opp så sant tida strekk til.

Viss det som er nemnt ovanfor, blir følgt opp, vil uskedalen ha ei god og interessant nettside også i framtida. Det er ikkje berre av stor verdi for bygda og vi som bur her, men også for utflytta uskedelingar og tilreisande. Det er god marknadsføring av den vakre bygda vår!

Så – send oss stoff på uskedalen.no@gmail.com.

Frå saka om dugnadsgruppa sitt arbeid.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland.
Foto: Uskedal skule, Haldis Aakra, Lars Myklebust.