Bruk 1 og 3 på Musland er det siste gardsbruket med nye eigarar. Monica Antonsen og Jarle Birkeland frå Sveio flyttar til Uskedalen og tek over drifta på Musland. Kort oppsummert kan vi med dette sei at heile seks gardsbruk er selde og har dermed fått nye eigarar i løpet av ein periode på knappe ti år. Landbruksnæringa er i sterk endring for tida med krav til større areal, effektiv drift og dyrevelferd. I andre høve er det dei som har ein draum om å eiga og driva eit gardsbruk, ofte med utgangspunkt i det grøne skifte og produksjon med berekraftmål.

Av litt større gardsbruk med nye eigarar tek vi med desse:

  • Bruk 3 på Rød ( gjeld ikkje bygningar )
  • Bruk 4 på øvre Musland
  • Bruk 9 på Myklebust
  • Bruk 3 på Eik
  • Bruk 1 og 3 på nedre Musland
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privatmegleren Østbø og Kaldheim