Det var mykje folk på Flåtene i dag på Langfredag. Påskegjester og fastbuande brukar turvegen, anten frå nedre Feet eller frå Eik. Mange tek det som fin rundtur. Nokre lengjer turen med å gå den nye skogsvegen på Døssland/Feet, vidare frå snuplassen gjennom skogen mot stien som går til Såto og Englafjell og vidare mot Flåtene på skogsvegen inn Eikedalen. I tida mellom kl. 12 og 14 var eit 30 tals personar i område. Fleire av dei vi snakka med, kom frå Sotra var i med på Rabben Feriesenter. Nokre nyttar høve til å bruka bålpanna, grilla og kosa seg i det fine påskeveret. Dugnadsgruppa har hogge og kløyvd ved nokre hundre meter lenger nede langs elva. Det meste av veden er boren inn og lagra ved gapahuken, til fritt bruk for turgåarar.

Ved til gapahuken på Flåtene.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gunnlaug Eik / Kristian Bringedal