Uskedalen.no har snakka med Ingebjørg Haugland, den eine av dei to jentene som sende flaskeposten som var funnen på Årsnes i går. Ingebjørg og Marianne var berre 8 og 9 gamle. Marianne er ein slektning og kjem frå Osterøy. Det var morosamt at den vart funnen så lenge etterpå. Ingebjørg hugsar at dei sende flaskeposten. Ideen kom frå eit innslag på Barne TV.

Flaskeposten vart funnen på Årsnes i går i 10 tida.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat/ Gaute Bondhus