Med svært vekslande vêrmeldingar for laurdag og sundag, vel Fjelly gjengen å endra arrangementet til Midtsommarkafé som opnar kl. 12.

Det vert sal av kaffi, saft og lappar. Steiketakka vert sett på kl. 12.

På programmet er det mellom anna dåp av kanoen vi fekk i gåve frå Wattn. Dette blir om lag kl. 13.

Det er laga ein liten quiz, for dei som vil trene anna enn kondis.

Fjelly gjengen håpar mange tar turen til fjells, alle er hjarteleg velkomne innom Fjelly 🙂

Tekst/foto/nett: Hans Ordin Østebø