
Fjelly dugnad
I helga gjennomførte Fjelly hyttestyre dugnad på hytta. Målet var å få skrapt og malt hytta utvendig og få rydda saman mykje oppsamla saker og restar som har samla seg opp gjennom åra.

Styre satte kursen mot Fjelly, fredag i 18 tida. Etter transport over fjellet bar det i gang med skraping av rekkverk og legge planar for arbeidsfordeling laurdag.
Oppsummert fekk ein skrapt og malt 3 sider på hytta, rydda i både hytta og naustet, samla det samen og fått det transportert over fjellet, klart for vidare transport til SIM.

Hyttestyre ynskjer å retta stor takk til alle som var med å deltok på dugnaden. Utan denne hjelpa hadde vi ikkje komt så lang på lista over gjeremål.
Med været som var i helga fekk vi nokre strålande dagar på Fjelly. Solnedgangane var fantastiske.
Hyttestyret ynsker auka utleige av hytta og oppmodar alle som kan tenkje seg å nyte nokre rolege dagar ved Mannsvatnet, utan mobildekning til å ta kontakt for leige. Likar du å fiske, er det både båt og garn til disposisjon i naustet.
Ynskjer du å leige hytta er det bare å ta kontakt med Anita Enæs tlf.: 99 32 08 78. Informasjon om prisar 2023 finn du her. Er du medlem av Uskedal Ungdomslag får du medlemspris.

Tekst/Foto/Nett: Hans Ordin Østebø