Hans Reidar Kjærland i Uskedalen ligg på toppen av lista over høgast ytande besetning under 20 årskyr. Veggen vitnar om ei imponerande rekkje stabil toppyting i heile 11 år. Fiskå Mølle i Etne, som leverer for til Kjærland, kom til gards for kort tid sidan med kake, diplom og gratulasjonar.

Fiskå Mølle skriv på Facebook: For en prestasjon. I 2025 med sterke 12.500 kg EKM. Drifta er eit ombygd båsfjøs til lausdrift, ikkje av dei største. Svært godt drive av en målretta produsent. Gratulerer med toppresultat! Takk for godt samarbeid

10. mai la uskedalen.no ut denne saka:

Bonde Hans Reidar Kjærland frå Uskedalen toppar lista over besetning i Kukontrollen med høgast yting i 2025. Ytinga gjeld for besetning inntil 20 årskyr. Kjærland med best besetning er rangert etter kg EKM. I tillegg til kg EKM syner lista fett- og proteinprosent og kg kraftfôr/100 kg EKM. EKM står for Energikorrigert mjølkemengde. For å koma med på lista er det eit krav at at besetninga har godkjend årsoppgjer.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Fiskå Mølle