Ei arbeidsgruppe inviterte til folkemøte om den framtidige eldreomsorga i kommunen. Møte var i samfunnshuset på Halsnøy. Jan Petter Myhre leia møte. Til innleiing fortalde han om bakgrunnen med rapport frå Norconsult som tilrår omstrukturering av dagens teneste. I framlegget ligg det at Husnestunet skal byggjast ut med nye avdelingar. Drifta på Halsnøytunet vert endra frå dagens modell til mellom anna eit bufellesskap med leilegheter.

Fire Rustne Menn fekk det ærefulle oppdraget og krydra samkoma med song og musikk. Utvalde låtar av Olav Stedje vart godt mottekne. Song, musik og rytme har god folkehelseeffekt. Det var noko publikum greip. Dei var aktive med klapping og song.

Partia med sine representantar var med i panelet. Dei svara på spørsmål og fotalde om prosessen frå rapport til ferdig plan. Kommunaldirektøren var også med. Han fortalde om den administrative rollen i ei omorganisering av det kommunale tenestetilbodet innan eldreomsorg.

Halsnøybuen ynskjer at drifta på Halsnøytunet held fram som i dag, evt. med ei utbygging. Eldresenter på nabotomten var også tema.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Erlend Handeland Tuastad - Kvinnheringen