Fire motiv frå Uskedalen er med på Ingvar Pettersen sin utstilling i Grendahuset i Herøysundet.
Laurdag 18. og søndag 19. april vert det måleriutstilling av Ingvar Pettersen i Grendahuset i Herøysundet, Kl 12 – 16. På utstillinga finn vi over 40 små og store måleri, dei fleste med motiv frå Kvinnherad. Ingvar Pettersen fortel til uskedalen.no at det er stor geografisk spreiing mellom motiva hans. Fire av dei er frå Uskedalen, mellom anna med motiv frå Skorpo.

Ingvar likar ikkje å kalla seg kunstnar. Det er ei handverksutstilling. Pettersen har maritim utdanning og og var sjømann fram til han slutta sjøen og busette seg i Herøysundet. Han har hatt mange utstillingar og bileta sel godt. Det er mange måleri av Ingvar Pettersen i heile Kvinnherad. Han har også prøvd seg med bilete av skipsportrett, både som marinemålar og med motiv frå handelsflåten.
På Facebook vert vi oppmoda om å bruka god tid i Grendahuset med god drøs med bygdafolk. Andreas Bringedal har med nokre album med foto frå gamledagar. Maud og Aida byr på kaffi, te og heimebakst.
Velkomne til alle.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Ingvar Pettersen