Går det slik nominasjonsnemnda gjer framlegg om, er truleg Tove Lill Lakselv frå Uskedalen tilbake i politikken. Ho er på kumulert plass som nr. 3 på lista. Ho kom med politikken med fast plass i kommunestyret alt i 2003 og var vidare med etter valet i 2007. Lakselv var komiteleiar i Forvaltning. Ho var også med i Levekårsutvalet. Tove Lill Lakselv har såleis erfaring og er kjend med ansvar og oppgåver med å vera folkevald. Ellinor Rein er nr. 1 og dermed ordførarkandidaten. På listeframlegget finn vi dessutan desse namna frå Uskedalen på FRP lista:

Tove Lill Lakselv saman med partileiaren i FRP sentralt, Sylvi Listhaug.
Tove Lill Lakselv saman med partileiar Sylvi Listhaug.
  • nr. 11: Nils Ragnar Myklebust
  • nr. 15: Hallgeir Snilstviet
  • nr. 16: Stian Haugland

Uskedalen.no gjer merksam på at dette er eit listeframlegg. Endeleg liste er klar etter vedtak på medlems- og nominasjonsmøte.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Ole-Johan Lakselv