Innlegget om Hans Reidar KJærland sitt julehus, laga på Uskedal skule i 1968, fekk merksemd. No syner det seg at fire elevar i same klassen framleis har julehuset og delvis brukar det kvar jul. Hans Reidar fortel til uskedalen.no at dei laga julehusa på sløyden i 5. klasse, 11 år gamle. Jens Mads Hjelmeland var lærar. Arbeidet gjekk ut på å laga tunne stokkar med ei breidde på 2 cm, skar opp, runda og med hakk i endane. Så vart sjølve bygget lafta. Taket var anten torvtak eller ei målt plate. Det vart montert ljos inni sjølve julehuset. Arne Johannes Haugland stadfestar dette. Han har også sitt julehus. Då er det fire elevar frå den same klasse som framleis har sine julehus. Det er: Hans Reidar KJærland, Arne Johannes Haugland, Leif Arne Døssland og Lars Wang. Bilete syner Lars Wang sitt julehus. Oppdatering: Geir Eidsvik har også teke vare på julehuset sitt, laga på sløyden i 1970.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Lars Wang