Finn fram skia og kom deg ut før mildveret kjem - på ski over Skårhaug, 49 moh.
Ein treng ikkje reisa langt for å finna snøen. Ta på skia der du bur og kom deg ut frø mildveret kjem. I var det aktivitet i bakkane på Myklebust. Sigurd Børve køyrde opp spor og tankane gjekk tilbake til 2010 då snøen låg i tre månader. Sigurd Børve var med på å køyra opp sporet på bakkane til grunneigarane den gongen, Tormod Myklebust og Kåre J. Myklebust. Skitur i nærområde kan vera fint. I dag gjekk turen over Skårhaug, 49 meter over havet. Turen starta i garasjen i Beinavikjo 3 meter over havet. Bilete på topp syner læring og trening i å stå på ski bak snøscooter.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal