Det vart ein fin sykkel- og turdag i Uskedalen 1. mai. Heile 40 deltakarar var med. Det var tre alternative løyper. Sjå meir om kven som vart vinnarane i dei ulike klassane. Bilete på topp. Klar til start.

Vinnarane av løypa Rund Dalen. Merethe og Stian Jorbrekk
  • Løype 1: Rundt Kunstgrasbanen. Her blei Team Haugland/Mehl vinnarar.
  • Løype 2: Over Skårhaug, med 20 spørsmål. Her vann Leander og Mona Voll.
  • Løype 3: Rundt dalen, med 20 spørsmål. Her vann Merethe og Stian Jordbrekk

Takk til alle som deltok. Thor Inge Døssland hadde laga 20 gode spørsmål Rundt banen var det 8 artige spørsmål laga av Hanna Kjærland.

Dersom du har bilete frå turen rundt dalen eller frå Skårhaug, send til Kristian Bringedal.

Tekst/foto: Gunn Mari Moberg
Nett: Kristian Bringedal