Fin markering av Kong Harald sin bortgang.
Sjå video og høyr songen nederst.
Kl.12 laurdag var det ei fin og gripande stund for å minnast Kong Harald. I samband med boksalget til Uskedal Historielag ved Spar Uskedalen, var det planlagt allsong. Etter det triste nyhendet om at Kong Harald døydde, blei det bestemt at det skulle leggjast inn ei minnemarkering for den kjære kongen.
Norsk flagg blei plassert ved bøkene på bordet, og Knut Steinsletten tende levande lys før alle reiste seg og song Edvard Hoem sin nynorske tekst til Kongesongen. Kristian Bringedal leia og spelte trekkspel akkompagnert av Svein Rimestad på gitar. Resten av allsongprogrammet var også tilpassa situasjonen.
Den spontane markeringa vart ei gripande og god stund for alle som stoppa og tok del i den. Det var det mange som gjorde, både unge og eldre.
Videoen kan de sjå og høyra her:
Tekst, video og nett: Thor Inge Døssland