Fiberutbygging til Skorpo.
Kvinnherad Breiband er klar for fiberutbygging til Skorpo. Materiellet er bestillt og BKK vil starta strekking av linjer til stamnettet i august/ september månad. Påkopling til abonnentane vert våren 2022. I ei pressemelding kjem det fram at ekstra løyvingar gjer at anleggsbidraget til den enkelte brukar vert lågare enn det som var skissert tidlegare.
Dei som alt har tinga fiber vil bli kontakta om prosjektet og framdrifta. Dagleg leiar, Gunnhild Nilsen Hillestad, fortel til uskedalen.no at Kvinnherad Breiband gler seg til å koma i gang med utbygginga. Alle som ynskjer fiber, både hytteeigarar og fastbuande må melda frå. Nokre har alt gjort det. Bilete syner skiltinga for ilandføring av sjøkabelen.
Sjøkabelen fram til Skorpo er på plass. Det neste er at nettet vil bli klart for kopling i haust. Meir informasjon vert lagt ut i haust, på Kvinnherad Breiband si heimeside, lokal Facebook og ved informasjonsmøte.
For meir informasjon om prosjektet kan du kontakte kundesenteret på telefon 53475640, ope frå kl. 07:30 – 15:00 kvardagar. E-post: post@kband.no
Tekst: Kristian Bringedal - pressemelding Foto/nett: Kristian Bringedal/ Arkivfoto