Festivalkontoret i Gamleskulen er opna.
Smart å veksla inn billettane i armband der!
I dag kl. 12 opna festivalkontoret i Gamleskulen. For dei som ikkje er så godt kjende, er Gamleskulen det kvite bygget like ovanfor SPAR-butikken. Då eg var innom kontoret like etter opning, blei eg møtt av herleg vaffelduft og særs blide frivillige.
Det er lurt å møta opp på kontoret, for å få veksla billettar i armband på førehand. Då får ein redusert køen ved inngang til konsertjordet, noko som må vera i alle si interesse. Vi understrekar at ein berre kan veksla billettar i armband ved personleg frammøte. Det er ikkje mogeleg å henta arband for andre enn seg sjølv. Viktig er det også at alle under 25 år kan visa legitimasjon. Det er fint den kan visast uoppfordra. Opningstidene til kontoret finn de nedanfor, og på bildet over ser vi nokre av dei frivillige på kontoret, Malin, Karoline og Siren, som ønskjer Festidalengjester velkomne til Gamleskulen.

I tillegg til å henta armband kan ein også få kjøpt festivaleffektar eller merch. Det er mykje nytt av året og veldig mykje å velja i. Her kan vi berre nemna noko: t-skjorter, gensarar og hettejakker, tøffe bøttehattar, capsar og beanie (lue), nydelege bandana med og utan fjellprint, rumpetaske, ja, det var litt av utvalget.


I tillegg er Festivalkontoret plassen å gå om ein treng informasjon om den store Festidalen-helga. Vertane tar garnatert mot alle på beste måte.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland