Ei fullskala jærsk monsterbølga reiser seg i sør og slår inn over Dønhaug. Endeleg skal festidalarane surfa på starm og stilig rock igjen. På høg tid! Skambankt svingar hammaren og slår gnistrar på kvar ei scene dei entrar. Me veit at dei alltid leverer, alltid løftar stemninga. Og me veit kor godt det gjer å stupa inn i musikken deira. Skambankt har eit lass med album bak seg. Og gjennomført eit vanvittig antal konsertar, frå små intime, til gigantiske utandørsshow.

Det er ikkje mange som kan visa til slik rutine. Våre jærske vener kjem for å rissa Festidalen sine leveord «rock-fjell-kjærleik» i løeveggen. Og for høvet, no står rockebakarane her med ei rykande fersk plata. I dag! Nyt! Saman med blant anna Gabrielle og Kjartan Lauritzen skal Skambankt skru opp
laurdagstemninga til elleve.

Utsegn frå Daidalos:

  • I ei tid der sjangertilpassingar, utolmod og hit-jag pregar musikkbilete i fór stor grad, er Skambankt eit fordømt godt rekkverk å halda i.
  • I alt dei føretek seg har dei tunga rett i munnen. Framoverlént og uredde veks dei seg inn i framtida. Men eit tre veks heldigvis aldri frå sine røter. Takk Skambankt, for å smi støttehjul i ubalanserte tider!
  • Få, om nokon, lagar meir treffsikker rock her til lands. Dei er rause med riff, rampete og bles ut såpass med energi at sjølv han 112åringen på Englafjell er rynkefri ein times tid. Om han sit rett veg.
Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal