Alle gler seg saman med Festidalen. Mange tilreisande gjester kjem til bygda, i båt og bil. Camingplassane og båthamnene var godt besøkt. Handelen gjekk strykande. Det er truleg rekordomsetnad i Thaivogna der det til tider var kø av folk som trong mat. Parkering i sentrum er ei gjengangersak. Det gjeld særleg på plassen mellom Gamleskulen, Gros blomster og Grano. Plassen er ikkje merka og mange set bilen slik ein ynskjer utan tanke for framkomsten over plassen. Det er ikkje skilta parkering, heller ikkje parkeringsvakter. Det verste er om vegen ned til kyrkja og Rabben Feriesenter vert blokkert.

Båtgjestene var tilbake i Uskedalen.

Verst var parkeringa fredag kveld og natt. Laurdag var det betre. Brannvernet var på plassen og såg til at det var ope og fri ferdsle til campingen. På PRIDE markeringa var det parkeringsvakter og god informasjon om trafikken i sentrum. Noko villparkering må ein alltid rekna med utan at det førte til problem for grunneigarane. Plassen ved Kunstgrasbanen var lite brukt. Den var heller ikkje skilta.

Mange festivalgjester kom med bubil og vogn og fann plass på Rabben Feriesenter.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal