Festidalen minnast Magne Huglen.
Spesiell t-skjorte, og minnestund kl. 16.30.
Festidalen er spesiell i år. Det er første gong den blir arrangert etter at Magne Huglen gjekk bort ved den tragiske ulukka i oktober. Men Festidalen og mange andre vil aldri gløyma Magne.
Styreleiar for Festidalen, Una Kolle, fortel at det i dag vil bli halde ei kort minnestund på Dønhaug ca. kl.16.30, altså før første artist går på scenen.
I tillegg har Festidalen i år fått laga ei spesiell t-skjorte der kulturbonden på Dønhaug blir minna. Motivet på t-skjorta er Festidalen-traktoren, denne gongen med eit spesielt skilt. På skiltet kan vi lesa “M Huglen”. Eit fint minne!
Una Kolle fortel at dei er svært fornøgde med resultatet, og at t-skjorta er blitt svært populær.
– Det var ein kjekk ting å gjera. Salget har vore større enn forventa, seier ho og legg til at t-skjorta blir seld både på festivalkontoret og på festivalområdet på Dønhaug.
– Dessverre er vi gått tome for dei største størrelsane, men elles har vi igjen, seier ho.
Det er nok mange av Festidalengjestene som set pris på dette fine minnet.


Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Randi Teigen Døssland og Thor Inge Døssland.