No kjem sleppa på rekke og rad. Me klarar ikkje lenger sitja inne med det. Blodet brusar og tankane svevar mot sommaren. Ventetida har vore lang. Altfor lang! Programmet er spekka. Og me avslører det i tida som kjem. Følg med! Endeleg kjem Gabrielle til Festidalen, og det i sitt livs beste form! Det same gjer Torgeir Waldemar, ein kritikarrost artist i landet.

Sidan den markante debutsingelen «Ring meg» i 2011 har hennar eksplosive pop skapt stemning og fest landet rundt. Gabrielle har brukt pandemitida godt. Med dei siste platene «Snart, Gabby» og «KLIPP
MEG I TI OG LIM MEG SAMMEN» vender ho blikket i større grad mot R & B, noko som sukrar katalogen hennar til ei særs innbydande kaka. Ho har sidan starten vore ein hitmaskin som har kapra øyrer og hjarter med t.d. «5 fine frøkner», «Bordet», «Regn fra blå himmel», og no med ferske «eg ser deg» og «Neil Young».

Med seg har ho tonnevis med scene-stæsj for å fyra av tidenes laurdagsshow på Festidalen. 2022 vert året då lydbilete i dette landet vert
totalt Gabbyfisert.

Hjartesmeltaren Torgeir Waldemar er ein av nasjonens mest kritikarroste artistar. Musikken spenner frå rock og vise, til folk og gyngande ountryrock. Det er alltid nært, ærleg og fullt av nerve. Tekstane er sterke. I ei tid der murar vert reist og hat vert spredd, meiner han sjølvsagt at kjærleik er svaret. Siste plata «Love» speglar dette på framifrå vis. Til Festidalen kjem
Torgeir Waldemar med fullt band for maks trøkk.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal