Festidalbygda Uskedalen står fram med nyslegne bakkar og plenar og rydda kommunal blomebed. Slik skal det vera når det kjem mange gjester og artistar til bygda. Sentrum, Sandabakkane, Båthamna og Brekketoppen er døme på korleis det skal sjå ut.

Jone Harkestad lukar i rose- og blomebeddet ved Busslomma.

I går var Jone Harkestad frå kommunen og luka og plukka ugras i blomebeddet ved busslomma i sentrum. Harkestad er gartnar, tilsett etter at Helge Naterstad gjekk av med pensjon. I samtale med uskedalen.no fortel han at det er viktig å luka og halda ei høgde på plantene kring 40 – 50 cm. Det vert gjort for å ha god sikt ved utkøyring frå skulen og barnehagen.

Plenen ved Gamleskulen er kommunal, men vert slegen på dugnad av Uskedal Utvikling. Det skal til ei kvar tid vera rydda og stelt i område rundt Thaivogna og Gamleskulen. Innehavar av matvogna legg mykje arbeid ned i å ha det fint med blomar og planter.

Eit anna område som merkjer seg, er Hagetunet og Brekktoppen, likeins arealet på øvra sida av fylkesvegen frå Uskedal Bru og gjennom sentrum.

Stemneplassen er nyslegen. Her går mykje folk på tur over Skårhaug.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal