Boreal sin reserveferje PETTER DASS har dei siste vekene lege til kai på Selstad/Eidsvik. I denne veka har ferja vore på fjorden i rute mellom Uskedalen og Utne. Årsaka er at ferjeselskapet har problem med UTNEFJORD i sambandet Kvandal – Utne. PETTER DASS vart tilkala, men måtte gjera vendereis då problema med UTNEFJORD tilsynelatande skulle vera løyst. Alt i dag er ferja på nytt på veg frå Uskedalen til Utne og er klar for avløysing i sambandet. Hardanger Folkeblad skriv at mange reisande kom til Utne, men der var det stopp. Uskedalen er ein sentral plass for ei ferje i beredskap. Boreal har også konsesjon på sambandet Utåker – Matre – Skånevik.

Teksat/foto/nett: Kristian Bringedal