Ferierer i kvalfangstskøyte frå kjend TV-serie.
I båthamna kunne vi i dag ikkje unngå å leggja merke til den flotte kvalfangstskøyta “Jan Bjørn” som låg ytst på den nye flytebryggja. Om bord trefte vi ein hyggeleg familie på 4 frå Nøtlevågen på Radøy, Chris Martin, Marita og borna Sigurd og Ingeborg med Erstad til etternamn. Chris Martin kunne fortelja at det var forreninga Alverstraumen Kystlag som eigde båten.
“Jan Bjørn”, bygd i 1974, hadde gått på kvalfangst fram til for om lag 10 år, men kystlaget kjøpte den frå ein privatperson på Onarheim på Tysnes i 2018. Båten på 52 fot er ein av dei mindre som gjekk i kvalfangst i seinare tid.
Båten var i dårleg forfatning då Alverstraumen Kystlag kjøpte den. Det kan ein ikkje sjå i dag takka vera utallige arbeidstimar frå medlemmene.
– Det er mykje arbeid, så det er godt å vera fleire om det. Det har vore ein stor jobb heile tida, skildrar Chris Martin det.
Han fortel at dei brukar å feriera med skøyta.
– Vi prøver å bruka den så mykje som mogeleg, og vi har vore på fleire lange turar med den, vi har vore både oppover til Trondheim og til Kristiansand.

I år starta ferieturen med å delta på Forbundet Kystens landsstemne i Strusshamn. Vidare gjekk turen til Vedholmen i Os, til Norheimsund og Rosendal før dei kom til Uskedalen. Her var dei heldige og fekk ein fin dag, til og med med solskin. Det verka som om dei kosa seg om bord i kvalfangsskøyta.
Chris Martin er langt frå ukjend med livet om bord i ei slik skøyte. Han jobbar nemleg som skyttar på den noko større kvalfangsskøyta “Olavson” som i hovudsak driv kvalfangst i Finnmark. Sesongen som starta 1. april, blei avlutta for 43 dagar sidan. Då hadde Chris Martin skote 47 kvalar, og dei leverte 65 tonn med kvalkjøt. Då hadde kvalfangarane nådd den samla tillatte kvoten i år.
I samtalen fortel Chris Martin at båtane i Finnmark krev mindre vedlikehald.
– Etter ein vinter utan stell, er dei like fine. Det er tørrare klima, forklarer han.

Viss nokon av lesarane drar kjensel på namna til kvalfangstskøytene “Jan Bjørn” og “Olavson”, er ikkje det så rart. Då velkjende Dag Lindebjerg hadde serien “Den leiken ville han sjå” på NRK i 2016, var det nettopp desse to skøytene som var med i programmet “Hvalfangerne”. Det programmet kan det sjå ved å klikka HER.
Interesserte kan også finna meir om “Jan Bjørn” og arbeidet til kystlaget ved på gå inn på Alverstraumen Kystlag si side på facebook.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Alverstraumen Kystlag si facebookside og Thor Inge Døssland